LUFS, landslaget for nærmiljøskolen, gratulerer Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland med enno ein vellykka konferanse, 26. februar!
Tema: Nesna Nasjonalt senter for utdanning og forsking i eit distriktsperspektiv.
Dramatisk
Til hausten kjem første kullet frå den lærarutdanninga som blei innført i 2017, ut i arbeid. Dei har, etter fem års studium, undervisningskompetanse i to til fire fag, avhengig av om dei er utdanna for store eller små grunnskoleelevar.
Desse lærarane vil ikkje få fulle stillingar i dei faga dei har utdanna seg i, i skolar med færre enn rundt 100 elevar. Det er dramatisk.
¤ 1/5 av skolane i landet er fådelte skolar – dei fleste er i nord.
¤ 12 % av skolane i Nordland har færre enn 20 elevar. (Kjelde: SSB)
Men i dei nasjonale planane for lærarutdanninga eksisterer ikkje desse skolane!
Den nye lærarutdanninga, som var meint å skulle heve det faglege nivået, fører tvert imot til ei kunnskapssenking for skolane i distrikta, fordi desse skolane må ta til takke med ukvalifiserte lærarar i langt fleire fag enn før. Ein kan nesten mistenke at den nye lærarutdanninga er laga for å få lagt ned små skolar.
I dragsuget går då mange livskraftige bygdesamfunn, som til dømes Skrova i Nordland, med sine 22 elevar, og ei årleg verdiskaping pr innbyggar på over 3 millionar.
Campus Nesna
Faglæraren, i motsetnad til klasselæraren, kan fungere i vidaregåande skole, men den møter ikkje behova i grunnskolen – ikkje godt nok i store skolar – ikkje i det heile tatt i dei små! Derfor er det så viktig at tidlegare Høgskolen på Nesna, førebels Campus Nesna, som har lang erfaring med nettopp lærarutdanning for små skolar, har fått oppdraget av regjeringa å bli nasjonalt senter for utdaning og forsking i eit distriktsperspektiv.
Ei omlegging av lærarutdanninga for grunnskolen frå faglærar til klasselærar vil vere heilt nødvendig om vi skal greie å oppretthalde skolar der folk bor – og med det bosetting og verdiskaping i heile landet.
Aldersblanding
Ei god og distriktsretta lærarutdanning må gje studentane brei fagkompetanse, kunnskap om nærmiljøet som ressurs for læring, kunnskap om å utarbeide rullerande fagplanar for fleire årskull, samt kunnskap om aldersblanding.
Professor Edvard Befring seier det slik: «Aldersblanding framstår som eit personleg utviklande og haldningsskapande pedagogisk bidrag for dei eldste, og som ein tryggleikskapane og identifiserande ressurs for dei yngste».
LUFS ser fram til at Nesna blir eit nasjonalt senter for utvikling, forsking og utdanning av lærarar for det landet der folk faktisk bor, der det meste er distrikt.
Gunnar Aarstein
Landslaget for nærmiljøskolen