Leirfjord er i nordnorsk samanheng ein stor landbrukskommune. Kommunen har 65 aktive driftseiningar. Utanom landbruket er Leirfjord ein næringssvak kommune. Landbruket er dermed avgjerande for at Leirfjord kan ha status som noko anna enn ei sovebygd for nabokommunane.
Knapt fleirtal
På kommunestyremøte 29/6, stemte eit knapt fleirtal for å legge ned grendeskolane i Ulvangen og på Tverlandet. Kommunestyrerepresentanten Erling Rune Tømmervik, gardbrukar frå Kvalnes på Sundøya, kom med ein sterk appell til sine medrepresentantar:
«Dotter mi ba meg om å formidle til dåkker at skolen på Tverlandet er avgjerande for om ho kan tenkje seg å ta over garden på Kvalnes.»
Det var ingen frå fleirtalsposisjonen som kommenterte dette. I utgreiinga frå administrasjonen er ikkje situasjonen for dei som driv gardsbruk i ytterdelane av Leirfjord, nemd med eit ord. Vi kan slå fast at nedleggingsvedtaket er gjort utan at konsekvensane for dei som driv den viktigaste næringa i kommunen, er utgreidd eller vurdert.
I Distriktsnæringsutvalet som kom i 2020, blir det understreka at tilbodet i offentleg sektor, slik som skole, barnehage og helsetenester, er avgjerande for å stimulere næringsutvikling. Bøndene kan ikkje flytte gardane sine til kommunesenteret, men skole og barnehagar kan plasserast slik at ungane som veks opp på gardsbruk, ikkje skal bruke urimeleg lang tid på skolevegen.
Økonomisk premiss
Argumentasjonen til dei som vil legge ned grendeskolane i Leirfjord, bygger einsidig på eit økonomisk premiss om at grendeskolane er ein utgiftspost som vil hindre kommunen i å gje dei eldre ein god omsorg. Dette premisset er ein påstand som saknar dokumentasjon. Situasjonen kan vere motsett. Investering i grendeskolane i Leirfjord, er ei investering som vil styrke landbruket i kommunen, jamfør appellen frå E.R. Tømmervik, legge til rette for etablering av unge menneske, noko som nettopp er nødvendig for å gje ein god eldreomsorg.
Vedtaket om nedlegging er på nytt anka til Statsforvaltaren og kommunestyret i Leirfjord skal i møte 9. august, igjen drøfte om grendeskolane kan vidareførast. Det kan ikkje vere tvil om at nedleggingsvedtaket er gjort utan ei grundig samfunnsmessig vurdering av konsekvensane for utvikling av kommunen.
Gode grunnar
Tenk om fleirtalet i kommunestyret kunne utsette saka til neste haust og ta seg tid til ei grundig utgreiing av kva grendeskolane kan bidra til når det gjeld næringsutvikling i framtida. I ei tid med klimaendringar, matmangel og menneske på flukt frå krig og katastrofar, er det kanskje ei tilrettelegging for landbruket som kan vere ein framtidsvisjon for landbrukskommunen Leirfjord?
Kanskje kan eit vedtak om vidareføring av grendeskolane bli eit argument for å få Leirfjord til å bli ein nasjonal pilotkommune i regjeringa sitt Bygdevekstprogram?
Det finns mange gode grunnar til å snu nedleggingsstrategien til ein utviklings- og nyskapingsstrategi.
Arna Meisfjord