Vår ambisjon er å sikre at lærarutdanning og samfunnsutvikling styrast på ein slik måte at det gir livsgrunnlag for heile landet og ikkje berre dei store byane.
Vi er klare over at Aasheim og Solberg-regjeringa ikkje reformerer for moro skyld. Dei reformerer for å sentralisere.
Færre studenter
Nedbygginga av Campus Nesna har ført til ei redusering av studentar innanfor høgare utdanning på Helgeland frå nesten 2000 studentar i 2015 til halvering i 2020.
Dette er kritisk for Helgeland som og mister viktige
kompetansearbeidsplassar når Nord trekkjer fagmiljøet med seg i dragsuget i 2022. Dette viser at regjeringa ikkje sentraliserer for moro skuld.
Det er jo interessant at dei regjeringsoppnemnte Demografi- og Distriktsnæringsutvalet begge i sine NOU-rapportar, peikar på viktigheita av å ha høgare utdanningsinstitusjonar lokalisert i distrikta, for nettopp å motverke sentralisering. Vi konstaterer at statsråd Aasheim ikkje aksepterer denne analysa.
Ifølge Demografiutvalet er UH-sektoren den sterkaste drivkrafta for sentralisering i Noreg, og nettopp derfor trengs det ein ny politikk.
Ministeren har rett i at det er nokre byar som tener på dette. Av dei som tek utdanning ved Nord universitet eller UiT Norges arktiske universitet blir 70 % igjen i Nord-Noreg, men då i nærleiken av campus. Omtrent halvparten av kandidatane blir igjen i Tromsø og Bodø, konsentrasjon av studiestader bidreg ikkje til ei positiv utvikling av distriktskommunane.
Til samanlikning mister ein som regel dei som flyttar ut av landsdelen for å ta utdanning, dette gjeld spesielt unge kvinner. Til dømes vil rundt 15 % av studentane som dreg til Oslo for å studere vende tilbake til Nordland etterpå.
Av alle frå Helgeland som i dag studerer, dreg over ca. 70 % (!) til Trondheim eller sørover. Det er altså campusar i Sør-Noreg som tener mest på nedlegging på Helgeland.
Slagstad-kritikk
Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland skal igjen samle ei rekkje fagfolk til utdanningspolitisk konferanse på Campus Nesna den 18. mars.
Samfunnsforskar Rune Slagstad er hovedinnleiar og deltek med innlegget sitt «Populistisk elitisme: universitet overalt».
Slagstad seier at innlegget han skal halde er: «en kritikk av de siste tiårs forfeilede høyskole- og universitetspolitikk. Den dominerende økonomisk-administrative «fusjonismen» har med sitt styrende motto «Stort er godt» høvlet ned vel etablerte fagtradisjoner med ulike samfunnsoppdrag.
De fusjonerte universitetene skal bidra med forskning på høyt internasjonalt nivå på én og samme tid som de skal ivareta det gamle høyskoleoppdraget: praksisori-enterte profesjonsutdanninger som primært skal ivareta lokale behov innen det offentlige og det private (…).
Resultatet er blitt en tap-tap-situasjon som gir dårligere universiteter, dårligere høyskoler og mer byråkrati. Den forfeilede fusjonismen må avvikles og den institusjonelle arbeidsdeling mellom profesjonsrettede høyskoler og universiteter reetableres.»
Samfunnsutvikling
Dersom ministeren ikkje vil lytte til Rune Slagstad eller
Viktor Normann, kan han jo lese NIFUs rapport: Sterkere fagprofiler, men uklar regional effekt av fusjonene (khrono.no)
Vi står no i ein posisjon der vi ser at konsekvensane av
strukturreforma er nedlegging av tradisjonsrike fagmiljø og ei institusjonell sentralisering av studiestader, altså det motsette av ambisjonen til struktur-
reforma. Aasheim prøvar å forenkle dette store politiske spørsmålet til å vere eit spørsmål om dei høgare utdanningsinstitusjonane sin autonomi.
Men dette er eigentleg eit spørsmål om ei overordna samfunnsutvikling som det er politikarane som må ta ansvar for.
Jenny Myklebust
Leiar folkeaksjonen høgare utdanning på Helgeland