Debatten om Petter Dass går atter i avisspaltene og oppnår høg temperatur. Eg vil her koma med eit par oppklåringar til enkelte punkt i denne debatten.
Samar og penger
¤ For det fyrste: Når det gjeld statuen som skal reisast i Helgelands skjergard, er det greitt å minne om at det var ein same som fyrst lanserte ideen: Matti Aikio frå Karasjok lanserte ideen i VG i 1901. Kåre Hansen skriv grundig og balansert om dette i «Petter Dass – Gud Øyesteen», band II. Dass har eit par stygge utfall mot samisk tru i «Nordlands Trompet», som er typiske for si tid, men elles skryter han av den høge moralen og båtbyggjarkunsten åt samane. Dei er dei beste jektebyggjarar i landet, skriv han.
Aikio såg nok med eit balansert blikk på Dass’ omtale av samar og meinte omtalen trass alt talte i favør til samane.
¤ For det andre: Dass var eit barn av si tid, som såkalla embetskjøpmann var han glad i pengar. 1600-talet var ein periode med enorme klasseskilje. Det skulle enno ta lang tid før velferdsstaten vart funnen opp. Kåre Hansen fortel grundig om Dass’ kamp mot ei kyrkje i Mo, striden hans om tienda i Åsvær og auken av landskylda. Men desse sitata høyrer òg med i historia om Petter Dass og pengar: I 1690-åra var det uår i Nordland.
Amtmann Christoffer Heideman gav Dass denne attest då Anders Dass søkte om å ta over kallet etter far sin i 1702: Eg må «berømme Hr. Peters godgiørenhed saa vell imod alle reisende som og fattige, der besøger ham, huilket hand besønderlig med store laan af mange hundre thønder Korn til fattige ofuer det heele fogderi udi de haarde aaringe 96, 97 og 98 da Væxten ofuer aldt Landet sloeg feyl i gjerninger bevisede».
Led store tap
I 1701 skriv Petter Dass sjølv dette til styresmaktene: «Ieg hafver til datum aldrig hafft en eniste dlr (daler) Wdstaaende hos noget Menniske paa rente».
Han skriv så at han har lide store økonomiske tap i livet: under jekteforliset i 1692 og i 1695, då han «Wdsætte paa det meste alt ieg eyede, att Wndsætte mine elendige tilhørere, som da af alle Menniskers hielp Vaare moxen forlatte, af hvilken Wndsætning ieg endu iche den femte å siette penge hafver igienfaaed. Venter det ey heller i denne Verden».
Kåre Hansen har eit fotografi av dette brevet i Petter Dass – Gud Øyesteen», band I, utan å gje att alt som står i brevet. Hansen skriv: «En god del av det han hadde borget ut under nødsårene, må han allerede ha drevet inn» (I, s. 174). Men her har Hansen misoppfatta innhaldet i dette brevet.
Det står altså at Dass lånte ut nesten alt han åtte, til fattige i soknet. Berre ein sjettedel hadde han fått tilbake. Han ventar heller ikkje å få resten av pengane tilbake.
Flest pluss
Konklusjon: Herr Petter var korkje skurk eller helt. Men gjer du ein rekneskap på gode og dårlege eigenskapar meiner eg dei gode talar i hans favør.
Eg har elles skrive ein artikkel om andre gode sider ved diktarpresten som er verde å dra fram, artikkelen er publisert i «Edda. Nordisk tidsskrift for litteraturforskning» og ligg gratis ute på nettet.
Ronny Spaans
Fyrstemanuensis ved Nord universitet