Ordskiftet om Petter Dass tek visstnok ingen ende.
Eg vil her minne om noko heilt sentralt som synest å forsvinne ut av synsfeltet. Det handlar om det Nils Magne Knutsen nemnde i føredraget sitt på Alstahaug førre helg: Slaveforholdet nordlendingane stod i hos bergenskjøpmenn.
Monopol i Bergen
Førestel deg ein ting: Tenk deg at Vestlandet i dag hadde ingen kjøpstad, altså by med handelsrettar. Tenk deg at vestlendingane måtte heilt til Oslo for å selja olja si. Og der sat det heller ikkje nordmenn som tok imot lasten og den økonomiske vinsten, men den gjekk til ei utsending frå EU, frå Brussel. Ja, ikkje berre det. Vestlendingane måtte sjølv frakte olja dit, og dét over eit farleg havstykke, Skagerak, kjent for skipsforlis. Og på toppen av det heile: Vestlendingane fekk ikkje lov til å selja olja til andre.
Slik var faktisk situasjonen for Nord-Noreg på 1600-talet. Byt ut olja med tørrfisk, Oslo med Bergen, EU-utsending med tyske hanseatar, og Skagerak med Stadhavet. På 1600-talet var nordnorsk tørrfisk eit av våre største eksportprodukt, men det fanst ikkje ein einaste kjøpstad i Nord-Noreg. Det fanst i alle andre delar av landet. Kvifor? Gjennom hundreåra hadde hanseatane i Bergen sikra seg monopol på den lukrative handelen i Nord-Noreg. Og nordlendingane måtte sjølv frakte fisken ned til Bergen over farlege havstykke, dei såkalla «nordfararane». I dette tidsrommet hadde Trondheim byrja ta opp konkurransen med Bergen, men Trondheim låg òg langt unna tørrfisken i Nordland. Dass måtte frakte tørrfisken i jekt over Stadhavet.
Då jekta forliste i 1692, fekk han nok. Då skreiv han dette i «Nordlands Trompet»:
Men dersom Nord-farernes Troe var saa stoer,
De kunne faae Bergen henflyttet i Noer,
Omtrent hen ved Hundrede Miile;
Hvor skulle den gandske Nordledingens Tract
Af inderste Hierte sig fryde med Magt,
Med lystige Ansigter smiile!
Eit gløymt verk
Vi kan fortapa oss i lokalhistoriske hendingar. Petter Dass var ingen feilfri mann. Det er vel alle i denne debatten òg samde om. Særleg i striden om ei kyrkje i Rana, den striden vi har mest kunnskap om, kunne Dass nok ha handla annleis. Men vi må ikkje gløyme det store biletet.
Petter Dass, som det går fram av dette sitatet, ville flytte Bergen nordover, slik at vi fekk ein nordnorsk kjøpstad. Var det mogeleg, ville heile Nord-Noreg («Nordledingens Tract») fryde seg. Det tydde ikkje at Dass var ein bergenshatar, han skreiv store dikt til Bergen. Men inst inne ynskte han seg ein kjøpstad i nord.
For å få innsikt i denne historia vil eg rå dykk til å lesa eit gløymt verk: «Nordlandshandelen i det 17. århundre» av Alf Kiil frå 1936. Kiil – som baserer seg på primærkjelder – plasserer Petter Dass midt i maktkampen mot Bergensmonopolet.
Ein bakgrunn for kampen var minnet om eit nordnorsk økonomisk sentrum som hadde forsvunne: Vågan i norrøn tid. Og i norrøn tid var situasjonen omvend: Då var det bergensarane sjølv som fint måtte koma opp til Nord-Noreg og hente fisken. I 1664 nemner Tage Lobitz nettopp historia om det gamle Vågan til Danske Kancelli og bed om oppretting av ein ny nordnorsk kjøpstad, slik at ein får slutt på «ald den fare og omkostning som nordlenderne maa udstaa».
Også lensherren i Nordland, Preben von Ahnen, føreslo at det skulle reisast ein nordnorsk kjøpstad.
Gjeld i generasjoner
Ein bakgrunn for dette ynsket var sjølvsagt eigen økonomisk vinst. Men desse embetsmennene nemner òg den gjeldstyngde nordlandsbonden, der gjelda gjekk i arv frå generasjon til generasjon.
Det kom heldigvis ei innstramming av makta til bergensarane då sorenskrivar på Helgeland, Petter Falch – onkel til Petter Dass – reiste ned til Kongen i København med bøneskrifter samla inn av fiskarbønder frå kvart einaste «fogderi» i Nordland. Dette er nemnd i alle store verk om norsk historie, men ikkje i dei seinaste bøkene om Petter Dass.
Alf Kiil nemner òg ein annan mann som har dukka opp i debatten om Dass: Bendix Nebel, denne «smugleren» og «voldsforbryteren» som Dass allierte seg med. Men kikar vi på Alf Kiils framstelling får vi ei anna oppfatning av Nebel. Kiil nemner mange som dreiv med liknande smughandel i same tidsrom, og dei såg at bergensarar ikkje stelte pent med nordlendingane. I 1660 søkte eit hollandsk skip naudhamn ved Andenes. Dei kom på «en svært beilig tid, for folk holdt bent fram i sulte i hjel», som Kiil skriv. Hollendarane selte difor matvarer til folket – sjølv om det var forbode. Då dei vart tiltalte for ulovleg handel, gjekk både lensherren og allmugen i bøn for den hollandske skipperen, så han slapp straff.
Forsvarstale
Den nemnde passasjen i «Nordlands Trompet» kan kallast ein «regionalpolitisk forsvarstale» (som eg gjer i siste nummer av tidsskriftet «Edda»). Ei grunnlegging av eit «nordnorsk Bergen» vil få heile landsdelen til fryde seg av «inderste Hierte» og smile med «lystige Ansigter».
Då tenkte Dass på alle nordlendingar, samar, fiskarbønder, embetsmenn, og andre.
Heilt til sist er det verdt å nemne at nordlendingane måtte vente heilt til 1789 før dei fekk sin fyrste kjøpstad. Det året vart det bergenske handelmonopolet oppheva. Då fekk Vardø og Hammerfest kjøpstadsprivilegium. Ikkje lenger etter fekk Tromsø og Bodø det same (høvesvis 1794 og 1816).
Som ei artigheit kan eg nemne sist at Brønnøy og Vågan var diskuterte som alternativ til Bodø, men det var sistnemnde som stakk av med sigeren.
Ronny Spaans