Sidan 1986, då Stortinget la om til rammefinansiering av kommunane, er 1600 grunnskolar lagt ned, dei siste 20 åra med ei fart på ein skole i veka i snitt. Det såkalla «Lærarløftet» og nedlegging av Høgskolen på Nesna vil auke farta.
Sentraliseringa
Nesna er spydspissen i kampen mot sentraliseringa. Det er her slaget no står om vi framleis skal ha grunnskolar der folk bor og utdannings-
institusjonar for heile landet – ikkje berre for byane.
Campus Nesna og tidlegare Høgskolen i Nesna, er ein tradisjonsrik og viktig samfunnsaktør! Etablering av lærarutdanninga på Nesna i 1918 har vore avgjerande for å rekruttere utdanna personale til distriktskommunar i landet generelt og til Nordland og Helgeland spesielt.
Fusjonen med Nord Universitet er ei ulykke for distrikta og eit utdanningspolitisk feilgrep. Det er i dag stor mangel på lærar og sjukepleiarar, og prognosane for åra som kjem, er dramatiske. Å skaffe samfunnet desse profesjonane, var det som var oppdraget til Høgskolen på Nesna. Universiteta, derimot, blir målt på kva dei kan produsere av doktoravhandlingar og vitskapelege artiklar på engelsk.
Blei lurt
Følgeleg starta nedbygginga ved sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen straks etter fusjonen i 2016. Det same gjorde nedbygginga ved Campus Nesna, og i juni 2019 vart Campus Nesna formelt lagd ned av styret ved Nord universitet. Talet på studentar på Helgeland er dermed redusert frå om lag 2000 før fusjonen, til under eitt tusen i dag.
Helgeland blei lurt! Kan det same seiast om Stortings-fleirtalet – eller låg det ein tanke bak?
Vi kan saktens undrast på korleis nokon kunne komme på ideen å gje eit universitetsstyre myndigheit til å legge ned ein høgskolestad – som har så stor betydning for bosettinga i ein region. Det viktige spørsmålet no er likevel: Vil dei folkevalgde på Stortinget gjenopprette Høgskolen på Nesna som sjølvstendig høgskole?
«Det er i distrikta naturressursane i hovudsak ligg», sa Aino Olaisen heilt riktig i Klassekampen laurdag. Og skolane i distriktet må nødvendigvis vere små. I dag går det om lag 65.000 barn på skolar med færre enn 100 elevar – i fådelte skolar. Dei treng lærarar med allsidig kompetanse.
Lærerløftet
Karl Jan Solstad, tidlegare skuledirektør i Nordland, sa til NRK måndag, at det såkalla «Lærarløftet» gjer det vanskelegare for små skolar å skaffe kvalifiserte lærarar.
Allmennlæraren, med formell kompetanse i fleire fag, er avliva. Med ein fagkrets på frå to til fire fag, er små skolar lite attraktive når lærarar ikkje får fulle stillingar, eller dei må undervise i fag dei ikkje har utdanning i. «Lærarløftet», som blei sagt å skulle heve kvaliteten i skolane, vil gje dei fådelte skolane ukvalifiserte lærarar i fleire fag enn før.
Heretter vil vi sjå at kommunepolitikarane teiknar om Norges-kartet for å tilpasse strukturen på skole og bosetting til lærarutdanninga. Det burde vere vel omvendt? Kva vil Stortings-partia gjere med det?
Rekruttering
Nasjonalt søker over seksti prosent av studentane seg til jobbar i det området der dei har tatt utdanninga si. På Helgeland er over sytti prosent av lærarane utdanna frå Høgskolen på Nesna.
For barnehagelærarane er prosenten om lag nitti. Over nitti prosent av dei som tok utdanninga si ved sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen, har no jobb i kommunane på Helgeland.
Nedlegging av Høgskolen på Nesna vil få alvorlege konsekvensar for tenestetilbod og bosetting på Helgeland!
Bygningsmassen ved Campus Nesna er spesielt tilrettelagt for høgare utdanning og særleg lærar- og barnehagelærarutdanning, med spesialrom for naturfag, kroppsøving, kunst- og handverk, drama, musikk osv, og med ein kapasitet på opptil 2000 studentar.
Bygningsmassen er tilrettelagt slik at studentane opplever at det fysiske læringsmiljøet styrkar studiekvaliteten. Dette kjem tydeleg fram gjennom studentane sine tilbakemeldingar i det nasjonale Studiebarometeret. Her skårar studentar få Campus Nesna klårt over nasjonalt nivå.
Det vil vere ei stor sløsing med samfunnet sine midlar dersom desse bygningane skal bli brukt til aktivitetar som ikkje kan gjere seg nytte av desse kvalitetane.
Derfor må Stortinget gjenreise den regionale høgskolen på Nesna!
Gunnar Aarstein
Landslaget for nærmiljøskolen