Det er tøffe tider. Også for vår største og viktigaste industri er situasjonen dramatisk. Oljeindustrien, som har framskaffa rikdomen våre politikarar nyttar til viktige mottiltak mot konsekvensar av koronakrise og oljeprisfall, representerer ei lang rekke livsviktige hjørnesteinsbedrifter i lokalsamfunn over heile landet.
Utan raske og kraftfulle tiltak nærmar mange av disse seg nedstenging og tap av verdifull teknologi, kompetanse og kapasitet.
Felles forslag
Organsiasjonane på både arbeidsgjevar og arbeidstakarsida har i fellesskap lagt fram forslag til tiltak som vil gje umiddelbar og stor effekt.
Og best av alt, det kostar ikkje staten ei krone.
Tvert om sikrar det inntekter frå framtidig petroleumsproduksjon og ikkje minst av aktivitet i ein periode der alternativet er permittering og oppseiingar med store kostnader for samfunn og tusenvis av tilsette.
For myndigheiter som for kvar dag som går ser milliardar sildra mellom fingrane bør eit forslag som ikkje kostar staten ei krone men sikrar sårt tiltrengte framtidige inntekter, aktivitet og folk i arbeid framstå som manna frå himmelen.
Midlertidig
Forslaget om midlertidige endringar i petroleumsskattelova har ei heil bransje i ryggen.
Det seinkar operatørselskapa sine kapitalkostnader slik at prosjekt som no er lagt bort på ubestemt tid kan iverksetjast og gje sårt tiltrengt aktivitet for leverandørindustrien. Likevel registrerer me tvil og skepsis frå enkelte hald.
Skepsis mot å endra eit langvarig velfungerande skatteregime og at midlertidigheita er for lang og vanskelig reverserbar. Dette er feil. Det inneber ingen varige endringar av petroleumsskatteregimet, men er tidsavgrensa og målretta og vil bli avvikla ved utløpet av 2021.
Vår bodskap
For dei som måtte falla for freistinga å tru at krise for oljeindustrien er bra av di det framskundar det grøne skiftet er vår bodskap: Skal ein lukkast med ny grøn industriutvikling som karbonfangst og lagring, havvind, avkarbonisering av skipsfarten, elektrifisering m.m. avheng det i stor grad av teknologimiljø og kapasitet i oljeindustrien.
Sjølv i desse påsketider er det vanskelig å stå opp frå dei døde for å satsa på fornybar industriproduksjon dersom bortfall av oljeaktivitet har teke livet av oss fyrst.
Og la oss minna om at dei same miljø som har utforma skatteforslaget har også spelt inn konkrete forslag nettopp til satsing på ny grøn industriutvikling og står som garantistar for å lukkast med dette.
Tidskritisk
Verken norsk oljeindustri, arbeidstakarar, samfunn eller framtidig klimaindustri har råd til å avvisa eit så enkelt gjennomførbart og samtidig sterkt og virkningsfullt tiltak.
Men forslaget er tidskritisk og krev raske grep. Med ei samla bransje på både arbeidsgjevar og arbeidstakarsida i ryggen er vår sterke oppmoding til både regjering og opposisjon å sikra gjennomføring av forslaget.
SIGNERT: Arbeidstakarorganisasjonar i Aker selskapa Aker Solutions, Aker BP, Kværner, Akastor og Aker Biomarine(Fellesforbundet, EL&IT, Industri Energi, FLT, HK, Tekna, NITO, Lederne, Negotia)
Arbeidstakarorganisasjonar i Aibel (Fellesforbundet, EL&IT, FLT, Tekna, NITO, Lederne, Negotia), Industri Energi Equinor
Vi ser at oljeselskapene skyver eller kansellerer prosjekter på ubestemt tid. Dette vil få store konsekvenser for oss og andre leverandør bedrifter.
Vi i Aker Solutions har allerede sendt ut permitteringsvarsel til ca. 400 ansatte og vi tror at hvis dette fortsetter så vil tallet på permitterte stige dramatisk utover våren og sommeren på alle lokasjonene.
Alle tillitsvalgte i Aker har derfor støttet forslaget til Norsk Olje og Gas om å gjøre en midlertidig endring i petroleumsskatteloven ut 2021.
Forslaget går ut på å gi oljeselskapene skattefradraget samme året som investeringene gjøres i stedet for å avskrive de over 6 år slik som loven er i dag.
På denne måten senker operatørselskapene sine kapitalkostnader slik at prosjekter som nå er lagt bort på ubestemt tid likevel kan gjennomføres og gi sårt tiltrengte arbeidsplasser for leverandørindustrien.
Vi håper vi raskt kan få på plass en slik krisepakke også for vår bransje raskt, vi har ikke tid til å vente på revidert statsbudsjett.
Hilde Karlsen
Konserntillitsvalgt i Aker Solutions