Tusen takk for din kommentar i HB 26. oktober, der du svarar på spørsmålet mange av oss har stilt: Korleis er det mogleg å lure og rane ein heil region for ein utdanningsinstitusjon som har tent Helgeland i hundre år?
Politikk abdiserer
På grunn av di store politiske erfaring, ser du det enkle svaret: Slik går det når politikarane abdiserer og ikkje vil gjere det som dei er vald til, nemleg å styre!
Gjennom å endre Universitets- og høgskoleloven, slik at styret fekk fullmakt til å avgjere studiestadsstrukturen, kunne campus Nesna leggast ned, sjølv om institusjonen i si tid vart vedteke som statleg institusjon av nasjonale og folkevalde styresmakter.
Du underviser oss i eit kjernepunkt i sosialdemokratisk politikk: Det
handlar om å sjå samanhengen i samfunnet, slik at dei nødvendige politiske grepa kan takast for at heilskapen i samfunnet blir slik vi ynskjer det.
Når den politiske makta blir overført til aksjeselskap, føretak eller tilfeldig samansette styreorgan, administrerer politikarane bort folket si politiske makt.
På denne måten blir demokratiet uthola og folket si moglegheit til å utøve sitt samfunnsstyre, blir redusert.
Valgåret
Difor er det så viktig at vi festar blikket mot stortingsvalet i 2021 og sørgar for at det blir vald inn politikarar som vil vidareføre dei stolte utdanningspolitiske tradisjonane i Noreg.
Lov om høgare utdanning kan endrast. Høgskolen på Nesna må gjenreisast og vidareførast.
Det nasjonale og statlege ansvaret for høgare utdanning kan gjenreisast, om vi får vald inn politikarar på Stortinget som vil gjere det dei er vald til, nemleg å styre!
Arna Meisfjord