Debatten om framtida til domstolane og rolla til forvaltningsorganet deira har gått heftig i det siste.
Den heftigaste runden starta då eg stilte justisministeren spørsmål om rolla til Domstoladministrasjonen (DA), fordi dei over år heilt tydeleg har understreka at dei ønskjer ei storstilt sentralisering av domstolane.
Eg har heile tida sagt at det er greitt at DA meiner noko politisk. Men eg spurte om den politiske agendaen deira kan ha påverka kva prioriteringar dei har gjort mellom domstolar av ulik storleik. Då skulda Mæland meg for å angripe den tredje statsmakt, noko som førte til oppslag i media og til ein debatt som både er interessant og trist på same tid.
Sammenblanding
Eg påpeikte overfor Mæland at det er feil å blande saman DA med den tredje statsmakt, og at det må vera mogleg å diskutere rolla deira. Likevel klarer leiaren av Dommarforeininga, Wiggo Storhaug Larsen, å skulde meg for å angripe den tredje statsmakt.
Det gjer han i innlegget «Senterpartiet på ville veier om norske domstoler».
Han skriv om meg at «hun vil ha større politisk styring av domstolene. Det er en ganske skremmende tanke i en rettstat.»
Her må vi visst straks rydde opp i omgrepa. Domstoladministrasjonen er eit forvaltningsorgan. Det er såleis ein del av den utøvande makt, ikkje den dømmande. DA har fått ei noko friare stilling enn direktorata fordi dette forvaltningsorganet har eit styre. Sju av medlemmane er imidlertid oppnemnte av regjeringa og to av Stortinget. Ingen er oppnemnte av dommarane. Likevel meiner Dommarforeininga at Domstoladministrasjonen representerer synet til norske dommarar.
Uavhengig aktør
Senterpartiet ønskjer at ein uavhengig aktør skal gjennomføre ei evaluering av DA, som ikkje har vore evaluert sidan dei vart oppretta i 2001. Det eg etterspør er altså inga evaluering av den dømmande makt, men Larsen klarer likevel å blande saman statsmaktene.
Han reagerer vidare slik: «Hun ønsker ikke å følge de vanlige spillereglene, men er på et eget spor, og forsøker å avlede oppmerksomheten med å angripe DA mens utredningsprosessen er i gang.»
Larsen viser til at Domstolkommisjonen skal sjå på rolla til DA fram mot den rapporten dei skal leggje fram i haust. Men ærleg tala, i den kommisjonen sit direktøren i DA, Sven Marius Urke. Kva verdi har ei evaluering gjennomført av eit utval der sjefen for evalueringsobjektet sjølv sit? Det er dessutan absolutt innanfor spelereglane for ein stortingsrepresentant å fremje eit representantforslag på Stortinget.
Som Paven
Advokatforeininga har ei heilt anna tilnærming til strukturframlegga frå Domstolkommisjonen enn det Dommarforeininga har. Medan sistnemnte framstår som meir rettruande enn paven for å sentralisere, er Advokatforeininga heilt opne om at det er ulike syn blant medlemmane deira.
Når det gjeld støtta til framlegget om sentralisering, skriv Wiggo Storhaug Larsen dette: «Både DA og Dommerforeningen, som for alle praktiske formål representerer synet til norske dommere og domstolledere, står sammen om denne faglige vurderingen.»
Eg vel å tru at også dommarar ved mindre domstolar, som ved dei mange domstolane DA ønskjer å fjerne, har godt fagleg vett når dei dristar seg til å meine noko anna enn DA og Dommarforeininga i høyringssvar og innlegg.
I Domstolkommisjonen vart det plass til 16 medlemmar, men ikkje ein einaste medlem frå desse domstolane. Leiaren av Domstoladministrasjonen vart det likevel plass til. Eg tar ikkje mot skuldinga frå Larsen om at eg prøver å «svekke legitimiteten til Domstolkommisjonen». Legitimiteten deira vart svekt allereie då ingen frå dei nedleggingstrua domstolane fekk plass i kommisjonen.
Klar beskjed
Stortingsfleirtalet har sagt klart i frå om at vi ikkje ønskjer ei storstilt sentralisering av tingrettar og jordskifterettar. Det blir vel oppfatta som eit utidig forsøk på politisk styring av domstolane når eg slår fast at DA må forhalde seg til det Stortinget vil, så eg ventar spent på svaret. Eg har allereie fått nyss om at dei meiner kampen ikkje er over.
Jenny Klinge
Stortingsrepresentant (Sp)