Dette spørsmålet blir stilt i eit innlegg i tidsskriftet Utdanning nummer 2/19, skriver Arne Meisfjord.
Det er ingen kven som helst som stiller spørsmålet. Innlegget er underskrive av to sentrale tillitsvalde i Utdanningsforbundet, nemleg Bjørn Wiik, leiar i Utdanningsforbundet Nord-Trøndelag og Roger Hanssen, hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Nord universitet.
Regionale behov
I innlegget problematiserer forfattarane situasjonen etter fusjonen og etableringa av Nord universitet. Dei stiller mellom anna desse spørsmåla: «Er det rom for et nytt universitet i dette området, og er det et universitet vi trenger? Er det studentgrunnlag for det? Kan universitetsstatusen svekke det som har vært styrken til de tidligere høgskolene? Vil tilførselen av kvalifisert arbeidskraft i velferdsyrkene i vårt område svekkes i stedet for å styrkes?» Forfattarane argumenterer for at det er dei regionale behova for utdanning av fagfolk til velferdsyrka i kommunal sektor som må vera avgjerande for strukturen og prioriteringane innafor høgare utdanning. Dei ni ulike campusane fordelt på eit 100 mil langt universitet, vil neppe overleve dei tøffe prioriteringane som Nord universitet må gjennom for å forsvare sin universitetsstatus. Dei avsluttar innlegget sitt slik:
«Til syvende og sist handler dette om kvalitetsutdanning til viktige velferdsyrker i vårt spredt bebygde område av landet. Derfor er dette et politisk spørsmål som ikkje kan avgjøres i universitetsstyret».
Aksept på Helgeland?
Kommunane på Helgeland tek no til å sjå konsekvensane av ein høgskolereform som fjerna Høgskolen i Nesna som sjølstendig høgare utdanningsinstitusjon.
Prioritering av utdanning av lærarar, førskolelærarar og sjukepleiarar, står ikkje lenger øvst på Nord universitet si prioritetsliste, slik det gjorde for Høgskolen i Nesna. Derfor bør no ordførarane på Helgeland og alle andre som er opptekne av høgare utdanning på Helgeland, vere merksam på det som skjer.
Kan det politiske miljøet på Helgeland akseptere at det er universitetsstyret for Nord universitet som skal avgjere kor det skal utdannast lærarar og sjukepleiarar på Helgeland?
Kan folk på Helgeland godta at ei eventuell nedlegging av undervisning ved campus Nesna blir gjort gjennom eit vedtak i Nord universitet sitt styre?
Det var Stortinget som i 2003 vedtok at Høgskolen i Nesna skulle utbyggast til eit topp moderne utdanningsbygg for framtida.
Skal vi akseptere at eit ikkje folkevald styre for Nord universitet set denne prioriteringa til sides? Den store strukturreforma som førte til nedlegging av Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag, vart gjort utan ei offentleg utgreiing, utan ei prinsipiell drøfting av arbeidsfordelinga mellom høgskolane og universiteta og utan ei slik drøfting i Stortinget.
Strukturelle vedtak
Skal målsettinga om eit likeverdig utdanningstilbod over heile landet ivaretakast, så må det vere Stortinget som gjer dei strukturelle vedtaka.
Eg oppmodar derfor politikarane på Helgeland til å støtte dei to tillitsvalde frå Utdanningsforbundet som seier at spørsmålet om utdanningsstruktur for profesjonsutdanningane er eit politisk spørsmål som ikkje kan avgjerast i universitetsstyret.
Saka må opp i Stortinget.
Arna Meisfjord
Tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna