På den utdanningspolitiske konferansen som vart arrangert på Nesna tysdag 11. juni vart ein fullsett sal vitne til ei særs pinleg førestilling då dekan Egil Sollie skulle forklare kvifor rektor har føreslege å leggje ned campus Nesna.
Forvrengt
Ein tydeleg nervøst snøvlande dekan støtta seg på ein Power Point-presentasjon så full av forvrengt statistikk, tendensiøs historieskriving og faktiske feil at det er god grunn til å tru at dekanatet har henta konsulenthjelp av ein gul parykk i Washington.
Tala, statistikken, grafane var nok intendert å gje eit skin av objektivitet. Men det aller meste i Sollies føredrag kan enten direkte tilbakevisast som rein løgn eller i det minste kritiserast for einsidigheit og svartmaling.
Det gjeld til dømes forteljinga om utviklinga av studenttala. Sollie veit godt kvifor stoda er som ho er, og det er ikkje slik han framstiller det. Eit særs grelt døme på rein løgn er påstanden om at 90% av undervisninga på Nesna blir gjeve som nettundervisning. Det er eit tal henta frå lause lufta og har inga som helst forankring i ein felles røyndom. Dette veit Sollie, men likevel presenterer han løgna som sanning nøyaktig slik ein viss mann i USA plar gjere.
Åpen løgn
Når leiinga heilt opent lyg for så mange menneske, som han vel må forstå er i stand til å avsløre han, er det vel eit resultat av panikk. Men det er for seint å berge tilliten. Som leiar for dei tilsette ved campus Nesna har Sollie allereie mista all tillit.
Kva leiar oppfører seg mot medarbeidarane sine slik Sollie har gjort den siste tida? Kva leiar spreier løgner og baktalar den viktigaste ressursen i ein kvar organisasjon?
Denne førestillinga på Nesna 11. juni var spikaren i kista for Sollie. Det som står igjen for den øvste leiaren ved fakultet for lærarutdanning, er å trekkje seg frå stillinga, leggje seg langflat og offentleg be om orsaking for den sleipe framferda si. No er det på tide for dekanus å finne seg noko anna å stelle med ei stund. Kan eg føreskrive ein fjelltur i Dovre-traktene for dekan Sollie?
Nixon og Kennedy
Ein historisk parallell rann meg i hu: den vidgjetne TV-debatten mellom Nixon og Kennedy i 1960. Nixon klarte ikkje å tekkjast TV-publikum og tapte debatten så det song. Dekanen minna ikkje så reint lite om Nixon der han stotra og sveitta. Sollie måtte sjølv forstå at han mest av alt likna ein politikar med ryggen mot veggen, og noko som likna ein innrømming av nett det kom då han særs uelegant ikkje klara å svare på Arna Meisfjords presise spørsmål.
Etterpå tok Sollie til beins og forlét salen hals over hovud.
Hallvard Kjelen
Førsteamanuensis, Nord universitet