Leiinga ved Nord universitet har gjentatte gonger forsikra om at det ikkje er nokon fare med rekrutteringa av sjukepleiarar til heile Helgeland fordi Nord universitet no tek opp fleire studentar enn tidlegare både i Bodø og i Mo i Rana.
Bortfallet av deltidsutdanninga i Sandnessjøen er dermed kompensert for (jf. rektor sitt innlegg i Rana Blad 29.08.19). Lillevik & Lillevik viser at påstanden så langt ikkje stemmer (Rana blad 29.8.19).
Eg vil spesielt kommentere ein markant nedgang i talet på sjukepleiarstudentar frå Ytre Helgeland og kommunar sør for Korgfjellet som studerer på Helgeland.
30 studentar
Hausten 2015 vart det tatt opp studentar til både deltidsutdanning i Sandnessjøen og heiltidsutdanning på Mo i Rana. I statistikken som Lillevik & Lillevik viser til var det var 35 studentar starta i Sandnessjøen og 55 i Mo i Rana. (Mo i Rana hadde også tatt opp studentar til deltidsutdanning våren 2015, men denne hadde berre 10 studentar i følgje same statistikk).
Totalt var det denne hausten meir enn 30 studentar frå kommunar sør for Korgfjellet eller frå Ytre Helgeland, som starta studiar på Helgeland, og dei aller fleste av desse omlag 30 begynte i Sandnessjøen. I år viser opptakstal frå Nord universitet at det berre er 7 studentar frå dei same kommunane ved heiltidsstudiet i Mo i Rana. Av desse 7 er 4 studentar frå Vefsn kommune og 3 frå andre kommunar på Ytre Helgeland. Det vil seie at talet på studentar frå kommunar sør for Korgfjellet eller frå Ytre Helgeland, er redusert med meir enn 20 samanlikna med hausten 2015. I grunnen synest eg at opptakstala viser oppsiktsvekkande låg rekruttering frå store deler av Helgeland. Det kan ikkje berre forklarast med nye karakterkrav frå 2019 for å komme inn på studiet, for dette er ikkje nytt i år. Det er ein tydeleg tendens sidan avviklinga av deltidsutdanninga i Sandnessjøen.
Årstal
Det er vanskeleg å samanlikne tal frå ulike årstal fordi rammevilkår og føresetnader har vore i stadig endring, men det må kunne seiast at opptakstala tydeleg viser at å auke studenttalet til heiltidsutdanninga på Mo ikkje er tilstrekkeleg for å gi den rekrutteringa vi treng på heile Helgeland! det er heller ikkje veldig mange som går i Bodø. Nord universitet får nok ‘produsert’ måltala sine, men det er innbyggjarane, eller kommunane og Helgelandssjukehuset sør for Korgfjellet, som må bere dei negative konsekvensane av sentraliseringa av sjukepleiarutdanning på Helgeland!
Jorunn Hov
Tilsett i Nord universitet og ‘øyværing’